I år er det fjerde året julestjerna på Osberget blir tend. Det har blitt ein tradisjon at stjerna lyser over bygda i advents- og juletida. Frå sundagskvelden vil ho atter sende sine strålar over Ulsteinvik.

– Stjerna har blitt populær mellom borna, og mange familiar og barnehagar har teke turen opp. Også i år vil vi lage ei løype med høvelege oppgåver for store og små. Løypa startar og sluttar ved stjerna, fortel Magne Grimstad jr.

Aluminium

Det er Fantastiske Osberget som har reist stjerna over Ulsteinvik. I 2014 tok kommunikasjonsbyrået kontakt med Herøy vidaregåande skule med eit spørsmål om elevane kunne gjere eit prosjektarbeid med å bygge julestjerna i Ulsteinvik. Målet var å erstatte trestjerna med eit meir varig materiale.

Lærarane Per Helge Molnes og Jostein Skar stilte seg positive. Saman med ivrige elevar vart stjerna ferdigstilt til advent 2014. Det er TIP-klassene (Teknikk og Industriell Produksjon) som var ansvarleg for arbeidet, og var med på monteringa i Ulsteinvik.

Stjerna er bygd i aluminium, slik at ho kan stå seg i vêr og vind. Rør-i-rør-system gjer stjerna enkel både å montere og demontere. Ledlys er nytta for å gi stjerna eit vakkert skin.

Fosnavåg kjem etter

Den siste tida har Jostein Skar og elevane hans ved Herøy vidaregåande i full sving med å lage stjerna som no skal skine over Fosnavåg i adventstida.

– Dette oppdraget har fått høgste prioritet. Alt anna er sett til side, alle må gjere sitt til at vi skal greie å kome i mål, seier Jostein Skar til Vestlandsnytt – som fortalde om saka denne veka.