Laurdag denne helga opna Hugo Opdal juleutstilling i lokala sine på Flø. Han fortel at han har 77 kunstverk til sals.

Det vil seie, han hadde 77 kunstverk då utstillinga opna laurdag. Men når Vikebladet Vestposten er innom eit par timar etter utstillinga opna, er det alt plukka ned fleire kunstverk frå veggen.

- Dette er ei salsutstilling, så kunden får med seg bilete med det same, forklarer Opdal.

Han har nokre fleire bilete han kan fylle på med, men ein del av bileta har han berre eitt av.

Studio Hugo Opdal vil ha ope kvar laurdag og sundag fram til jul. På grunn av handtverksmessa på Flø i går valde han å ikkje steike vaflar den dagen, men alle andre opningsdagar vil han selje traktorvaflar og julebrus.

Han sel trykk, måleri og skulpturar laga av Nico Wideberg, Pushwagner, Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes og Magne Furuholmen.

Prisen er mellom 3000 og 140 000 kroner.