Denne helga blir julegrana tend i mange grender. Laurdag ettermiddag var det julegrantenning i parken i Hareid sentrum. Hareid skulekorps sørgde for julemusikken. Fungerande sokneprest Kristian Myklebust heldt ein appell der han minna forsamlinga om at jula ikkje treng å vere perfekt. Jesus treng ikkje ha det perfekt for at han skal kome. Det som er viktig er at ein har omsorg og tek vare på kvarandre.

Han sa at når det er jul høyrer himmel og jord i hop.

Deretter var det allsong og gang rundt treet, der Paul Sandanger var forsongar.

Det heile vart avslutta med juletog til Kakeriet der det var adventsstund.