LYST (bildet) held på med siste innspurt fram mot julekonsertane som skal haldast onsdag 2. desember i Ulstein kyrkje, torsdag 3. desember i Ørsta kyrkje og laurdag 5. desember i Rovde Kyrkje.

På årets julekonsert har LYST med seg gjestar. ”Gollj og gråstein” er ei lita vokalgruppe med menn frå Hareid og Ulstein. I 2014 gav dei ut CD-en «Ekte gollj».

På julekonserten vil ein få høyre nokre innslag med fleir-stemt blandakor der LYST og Gollj og gråstein syng ilag, lovar Nina Vedeld Telseth som er dirigent for LYST.

LYST vil presentere nye julesongar i spennande drakter og i godt musikalsk samarbeid med John Inge Bjøringsøy på piano og Øyvind Robak på fiolin og bandeon. På årets julekonsert får ein høyre fleire nye solistar og ulike arrangement, mellom anna Egil Hovland sin «Se dager kommer» og «Stjernesludd» av Dum Dum Boys. Vi har sjølvsagt også med fleire av dei gamle kjære julesongane våre.

Vi håper å kunne spre songglede og gi litt ro i sjela no i førjulstida.

Håper du har tid til å kome!

Vi ynskjer velkomen til årets LYST - JULEKONSERT!