Kulturleiar Leif Ringstad søkjer teknisk etat i Ulstein kommune om vidareføring av turveg frå Lisjevatnet til Mosvatnet.

Kommunen har det siste året etablert fleire turvegar i dei nære fjellområa, til stor glede for mange. Ringstad meiner dette er eit godt folkehelsetiltak.

Teknisk utval har tidlegare godkjent etablering av turveg heilt til det gamle vassinntaket i Mosvassdalen, men på grunn av manglande økonomisk rammer vart ikkje vegen frå Lisjevatnet til Mosvassdalen utbygt. Men no er dei økonomiske rammene på plass, skriv kulturleiaren, så no søkjer han teknisk etat om løyve til etablering av turveg frå det gamle vassinntaket i Mosvassdalen til Mosvatnet.

Strekninga er på 2,1 kilometer. Turvegen kan leggjast på toppen av røyrtraseen, meiner han.

– Traseen er langt på veg klar til gruslegging, og tiltaket vil ikkje gi større naturinngrep enn det som alt er gjort, skriv Ringstad.