Det var lange køar både på Hareid folkebibliotek og på Glitter på Blåhuset. Både små og store ville få håret fletta av Flettemia, eller Maria Sindre-Bjelke som ho eigentleg heiter.

- Eg visste ein del om fletting frå før, men eg må seie eg lærte endå meir i dag, sa Kristiane Worren til Vikebladet Vestposten.

Ho var ei av dei mange jentene som fekk håret sitt fletta av Flettemia. Kristiane fekk ei såkalla femmar-flette, og var strålande nøgd.

- Dette var veldig kjekt. Eg har ikkje følgt ho på Instagram før, men det kjem eg til å gjere frå i dag av, seier Kristiane Worren.

Instagram-kjendis

For det var Instagram som har gjort at firebarnsmora no har fått ein stor tilhengarskare, skrive boka "Flettemias favoritter", og kan reise land og strand rundt for å snakke og halde kurs om fletting. Etter at ho starta sin Instagram-konto, er det mange andre som har kome til. Først og fremst er det sjølve flettinga, og utviklinga av nye metodar Maria Sindre-Bjelke er oppteken av.

- Det er ein fin og rimeleg måte å plutseleg kunne pynte seg på. For oss som flettar er det å flette og teste ut nye ting veldig kjekt. Det beste er når den ein flettar blir nøgd, seier Maria Sindre-Bjelke til Vikebladet Vestposten.

Det heile starta med at yngstedottera kom heim frå barnehagen med smular og skit i det lange håret sitt.

- Anten måtte vi klippe det eller ordne det på eit sett. Ho nekta plent å kamme seg og ha hårstrikk i det. Det var vel eigentleg slik eg byrja med det. For når vi fletta håret blei det enklare å hanskast med.

I 2014 byrja ho for fullt å flette, og å øve seg på dei tallause typane ved å sjå på Youtube-videoar. Etter kvart har ho blitt ein skikkeleg nettkjendis sjølv, og har i skrivande stund over 48.000 følgarar på Instagram.

- Det berre heilt av. Det er nesten så det er vanskeleg å tru på det, seier Sindre-Bjelke.