Eit av 80-talets store norske band, jazzrock-gruppa Lava, gjestar Fosnavåg konserthus komande helg. Konserthuset inviterer til småbord og klubbstemning på søndag.

Bandet har mellom anna samarbeida med vokalistar som Sissel ENdresen og Randy Crawford.

Bandet sin faste bassist gjennom alle år, Rolf Graf måtte gi tapt mot kreften i juli 2013. Det var Rolf sitt store ønske at Lava måtte fortsette til tross for sjukdommen.

Ny bassist er Jonny Sjo, best kjend frå suksessbandet D-sound. Han har vitja Fosnavåg konserthus fleire gonger. Dei har også med seg Frode Mangen på keyboard, som også har vitja Fosnavåg konserthus tidlegare med både Ole Børud og Oslo Gospel Choir. Kåre Kolve er med på saxofonar i tillegg til Lava sine faste medlemmer; Svein Dag Hauge, Per Hillestad og Egil Eldøen.

Ålesund strykekvartett feirer 30-årsjubileum denne sesongen og legg ein av konsertane til Fosnavåg konserrthus i jubileumsåret. Det skjer torsdag 11. februar.