Januar starta med ein kald periode der vatna fraus til og folk fekk nytte skeisene sine for første gong på lenge, før det vart mildt og isen forsvann.

No ser det ut til at ein ny kuldebolk står for tur, og varer han lenge nok vert det nye høve for skeisegåing.

Etter nokre dagar med mildver vil vi i følgje yr.no kunne få kuldegrader frå og med onsdag kveld.

Når det nærmar seg helga lovar meteorologane pent og kaldt ver, og slik det ser ut vil temperaturane halde seg godt under null til langt ut i neste veke.