Over 50 lokale statistar har stilt opp for å hjelpe til med filminga av "Børning 2", oppfølgjaren til kinosuksessen frå 2014.

Onsdag blei pressa invitert til settet, og fekk eit innblikk i prosessen med å spele inn ein norsk spelefilm. Det var mange aktørar i sving kring kvar einaste scene. I denne videoen får du mellom anna sjå hovudrolleinnehavar Anders Baasmo Christiansen klamre seg fast til panseret på ein pickup i fart på kaia på Mjølstadneset.

Video: Erik Hansen.