Siv Helen Johnson Tødenes, busett i Ulsteinvik men opphaveleg frå Årvika i Sande kommune, trakk det lengste strået i konkurranse med to andre kakekrigarar torsdag kveld. Det var nok mange frå regionen og i landet elles som hadde benka seg ned framfor TV-en for å følge med på den spanande konkurransen. Kakekrigen blir sendt på TV-kanalen FEM.

- Det var veldig kjekt å gå vidare til semfinalen. Dei eg konkurrerte mot var veldig flinke, og at eg vann var berre ein bonus for meg. Eg var berre glad for at eg kom så langt som til siste dagen denne veka eg, seier Siv Helen til Vikebladet Vestposten.

- Skikkeleg pirkearbeid

Kakekrigarane fekk i torsdagens program i oppgåve å lage terter med ei bæroverrasking i seg. Både dommarane og deltakarane kommenterte at dei tre hadde laga nok så like terter, men det var altså Siv Helen som blei kåra til vinnaren blant dei.

- Som eg også sa i programmet så var dette andre gangen nokosinne eg hadde laga terte. Men det var gøy at eg lukkast. Det viser berre at det var lurt av meg å prøve dette ein gang før innspelinga. Eg har eigentleg ikkje tolmod med slikt, for spesielt det med tertebotn er eit skikkeleg pirkearbeid, seier ho.

Hadde ikkje smaksløkane med seg

Eit faktum som TV-selskapet ikkje hadde valt å inkludere, verken i det første eller andre avsnittet Siv Helen var med i, er at ho var gravid under innspelinga.

- Det var litt dumt at dei ikkje fekk med akkurat det, for eg hadde verkeleg ikkje smaksløkane med meg. Det gjorde det ekstra vanskeleg for meg å avgjere om eg hadde laga gode nok terter, men det lukkast likevel. Eg hadde nok hellet på mi side, seier Siv Helen.

No ventar semifinalene, som allereie er innspelt. Dei visast på TV like rundt då Siv Helen har termin, 6. mars. Sjølvsagt kan ikkje Siv Helen fortelje noko om utfallet av semifinalen ho er med i.

- No får dei som vil følgje meg vidare berre vere tolmodige og vente til i byrjinga av mars, seier ho lurt.