Audun Tholfsen har meir enn 20 månadars fartstid på ulike isflak på Polhavet. Gjennom bilde og ord vil han prøve å gje eit inntrykk av korleis det er og opphalde seg på havisen gjennom dei ulike årstidene.

Dette får vi høyre alt om når han vitjar Ishavsmuseet med foredrag fredag 19. februar.

Audun har lang erfaring i polare områder, og med drift over isen. Han bur til vanleg på Svalbard der han han driv med guiding av turistar og feltlogistikk for blant anna forskarar.

Han har i dei siste ti åra vore med på tre lengre turar over Polhavet. Desse turane har til saman gjeve Audun meir enn 20 månadars opplevingar på isen. I foredraget sitt på Ishavsmuseet vil han vere innom alle desse ekspedisjonane. Han vil fortelje oss om is, kulde, mørket, isbjørn - og ein besettelse.

Mest vil han nok legge vekt på den siste ekspedisjonen der han reiste 1.900 kilometer gjennom Arktis på eit isflak. Audun Tholfsen og professor Yngve Kristoffersen var nesten eit år fastfrosne i drivisen over Nordpolen på luftputebåten «Sabvabaa», noko som tyder «flyter hurtig over» på inuit.

Saman med polarforskaren Yngve Kristoffersen reiste Audun Tholfsen tvers over Nordpolen i luftputebåten - parkert på eit halvtanna kvadratkilometer stort isflak. Isbrytaren «Polarstern» frakta dei to karane med båt og utstyr opp til dei låg 280 km frå Nordpolen «på andre sida». Tholfsen og Kristoffersen er dei første nordmenn som har lagt ut på ein isdrift-ekspedisjon sidan Fridtjof Nansens Fram-ekspedisjon i 1893-96. Eller, rett skal vere rett. Lillehamringen Tholfsen har vore fastfrosen i isen før. I 2007 deltok han på en fransk ekspedisjon som sat fast i isen med skonnerten «Tara» og dreiv over Polhavet i 500 døger. Han har også kryssa Grønland på ski og brukt ski og kajakk på turen frå Nordpolen til Longyearbyen.

M/S «Havsel» med skipper Bjørne Kvernmo henta ekspedisjonen då dei kom lause av isen i august 2015. Då var det ikkje mykje igjen av isflaket dei heldt seg på. Dei kom attende til Longyearbyen etter å ha gjennomført ei bragd ingen har gjort sidan Nansen og Johansen  - overvintring åleine i det sentrale Polhavet. Kristoffersen og Tholfsen kom heim med unikt vitskapleg materiale, dei leverte blant anna ei rekkje seismiske data, samt geologiske prøve frå Lomonosov-ryggen, ein undersjøisk fjellkjede mellom det nordlige Grønland, tvers over Nordpolen mot Sibir.

Det kunne ofte vere trongt om plassen ved å bo slik eit heilt år, seier Audun, men kapasiteten på frysaren var overveldande stor… Midt i einsemda, utan forvarsel, fekk dei brått ein dag besøk av ein ubåt som kom opp gjennom isen. Ein dag sto det også ein isbjørn og banka på frontruta på luftputebåten. Meir om desse uventa besøka, og heile den unike ekspedisjonen, får du høyre om på Ishavsmuseet fredag 19. februar.

Etter foredraget vert det skikkeleg «torskemølje» i museumskafeen då Ishavsmuseet serverer fersk torsk med lever, rogn, kams og anna godt tilbehør. Påmelding for middag.