Saman med Håvard Gimse og Kjetil Bjerkestrand gjestar fiolinvirtuosen Arve Tellefsen Fosnavåg konserthus onsdag 27. april. Under merkelappen «Bilder fra et musikerliv» vitjar dei tre musikarane Fosnavåg med eit innhaldsrikt program

Den klassiske fiolinvirtuosen Arve Tellefsen fekk enorm suksess med si første populærmusikalske plate "Pan". Hausten 1988 nådde albumet 3. plass på VG-lista, der den totalt blei liggande i heile 29 veker. Akkompagnert av Kjetil Bjerkestrand på synthesizerar spelte Tellefsen både klassiske svisker, norske folketonar og filmmusikk som td "Gabriels Obo" frå The Mission.

Også oppfølgjaren "Intermezzo" frå 1992 selde bra. I 1996 ga han ut "Arco" med Trondheim Symfoniorkester og saman med Håvard Gimse har han gitt ut populære CDar med stykke av Ole Bull, i tillegg til Edvard Grieg sine tre sonater for fiolin og klaver. Våren 2016 blir dei utgitt på nytt som 2 samle-CDar med nokre av dei mest populære stykka som m.a. "Send in the clowns", "Meditation" av Thaïs, "Romansen" av Svendsen, Händels "Largo", samt Kreislers "Liebesleid" og "Liebesfreud" og sjølvsagt "Gabriels Obo". Konserten vil innehalde eit utval av desse stykka og Arve Tellefsen introduserer dei i velkjend stil frå scenekanten.

Arrangørane tykkjer det er ekstra kjekt at Håvard Gimse skal få møte igjen flygelet han plukka ut for Fosnavåg konserthus i Hamburg hausten 2014.

Ein forventar at den særmerkte akkustikken i Fosnavåg konserthus vil kome skikkelig til sin rett denne kvelden