Førstkomande søndag, 1. mai, er det igjen klart for det som for mange er vårens vakraste eventyr, vårmønstring.

Amcar Ytre Sunnmøre inviterer for 32. gang til vårmønstring, og har du eit amerikansk glis ståande i garasjen, ta med bilen til Herøy Kulturhus i Fosnavåg! Det skriv Amcar Ytre Sunnmøre i ei pressemelding.

Les også: Vårens vakraste motoreventyr

Tidlegare år har det vore over 400 køyretøy og 4.000 besøkande innom vårmønstringa. I år skal det delast ut premiar i 19 ulike klasser.

I år som i fjor blir det mogleg å ta seg ein helikoptertur, og HOG Chapter Nordvest kjem igjen på vitjing med sine blankpolerte Harley'ar.

Inne på kulturhuset blir det modellbilutstilling.

Treffet har også ei eiga gjesteklasse, der påmelding er nødvendig. Sjå nettsida www.amcarys.no for meir informasjon.

Det skal delast ut premiar i 19 ulike klasser i år, og premiane er sjølvsagt importerte frå USA. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.