Ghopi Prabaharan vaks opp i Herøy. No går han frå rolla som Lotto-vert på Nrk til trollmannen Fe den synske i Herøyspelet.

Familien til Ghopi Prabaharan flykta frå Sri Lanka då Ghopi berre var ein baby. Han fekk barndom og oppvekst i Fosnavåg og snakkar klingande sunnmørsdialekt – når ikkje han snakkar som dei gjer i Porsgrunn, byen familien seinare flytta til.  Alt som gutunge likte han å stå på scena, og han dansa både i Fosnavåg sine gater og på scena.

– Eg kjende at eg ønskte å drive med formidling, men visste ikkje om det skulle vere med teikning, dans, synging…. Etter eit år på folkehøgskule på teaterlinja oppdaga eg at det var vegen. Og eg gjekk «all inn».

Det betyr tre års skodespelarutdanning i Oslo og studiar i USA. No er han foredragshaldar, coach, skodespelar på Teater Innlandet – og var i vinter Lotto-vert på Nrk.

Fleire nye i Herøyspelet

Herøyspelet har han høyrt om frå vener og foreldra til venene. Men han har aldri sett det sjølv.

– Og eg er supernervøs! Eg har gjort mykje spennande, men dette er eg supernervøs for og har alt begynt på øvingsprosessen.

Ghopi Prabaharan er den eine av to nykomarar i Herøyspelet i år. Folkemusikaren Sigrid Moldestad vert også ny i Herøy amfi. Ho skal spele Inga. No spelar stjernefiolinist Adelheid i Tonje Glimmerdal-oppsetninga på Den Nationale Scene i Bergen. Då spelar ho dotter til Gunnvald spelt av Gerald Pettersen som har vore regissør for Herøyspelet heilt sidan 1992. No går spelet inn i jubileumssesong og skal spelast for 25. år på rad. Det vert markert mellom anna med at regissør Gerald går inn i rolla som herøyhovdingen slik han gjorde det i den aller første forestillinga.

Frå Den Nationale Scene kjem også Eirik del Barco Soleglad som Ingolf Ynda og Frode Bjorøy som Karl-Mørske. Audun Sandem er tilbake som Kong Olav Haraldsson og Idun Losnegård som Kjerring Bråte.

60.000 har sett Kongens Ring

Gjennom åra med Herøyspelet Kongens Ring har om lag 60.000 personar sett spelet. Dei har opplevd utandørs magien der Stadhavet og den høge himmelen, ver og vind skaper stadig nytt lys og nye stemningar. Det er kjærleik og sjalusi, opprør og lengt, fødsel og død som vert spelt fram i alt frå små, vare tablå til store massescener der alle dei rundt 200 aktørane på scena er med.

Herøyspelet handlar om Olav Haraldsson som kjem til Herøy med ei ny tru og nye tankar. Det møter motstand og mange vert slitne mellom det nye og det gamle. Unn vert dregen mellom kjærleik til opprøraren Møre-Karl og slekta sine forventningar til at ho skal gå inn i det arrangerte akteskapet med Ingolf Ynda. Og gjennom det heile går den spesialskrivne musikken som strekar under og løftar opp stemningar og kjensler.

– Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Fantastiske kostymar, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her å kike på spelet, sa dåverande leiar for Barneteatret vårt, Eva Mørkeset då ho opna spelet i 2015.

Herøyspelet vert vist første helga i juli.