På rad og rekkje gjekk dei flotte modellane ut på den langstrekte catwalken, mellom sitjegruppene på Sjøborg kulturhus. I år var andre året moteframsyninga blei arrangert i Ulsteinvik si storstove. Dei seks første gongane blei ho arrangert på Bygdastova. Det var godt med frammøtte i salen onsdag kveld, mellom 170 og 180 betalande.

– Det var flott at så mange kunne ta turen. Dette er eit viktig arrangement for oss i saniteten, fortalde Solveig Kristensen til underteikna like før moteframsyninga tok til.

Mykje flott i Ulsteinvik

I takt med musikken kom modellane som representerte butikkane ut og gjekk opp og ned catwalken for å vise fram vårens motar. Butikkane som var med i år var Overvåg/Floyd, Cubus, Skin Tonic, Elle Boutique, An Chri og Bizarre.

Det var mange flotte plagg, sko og vesker å sjå, og heile framsyninga vitna om at ein ikkje treng å reise til Ålesund eller Ørsta/Volda, når ein kan finne så mykje flott i Ulsteinvik!

Løvens Hule var også med under årets arrangement, og leverte flotte blomar og blomeoppsatsar.

I pausen song Birgitte Vik Wymer akkompagnert av Ingrid Nerhol på piano og song. Seinare i programmet song Ingrid ein song åleine, før dei song i lag igjen til slutt.

Etter pausen vart det fleire flotte plagg som blei vist fram på catwalken.

– Støttar der det trengs

Saniteten er veldig takksame for at butikkane i Ulsteinvik stiller opp.

– Og så må vi få gi ein ekstra takk til Løvens Hule som stilte med fine blomster, trass i at dei ikkje fekk vist seg fram på same måten som dei andre, seier leiar i Ulsteinvik sanitetsforening, Linda Dalehamn.

Saniteten har i mange år jobba for mangfaldet i Ulstein.

– Vi jobbar opp mot kvinner og sjukdomsbiletet som gjeld spesielt kvinner. Men, vi bidreg også til mangfaldet i kommunen. Ta til dømes el-sykkelen som er kjøpt inn til sjukeheimen på Alvehaugen. Ulsteinvik Sanitetsforening har kjøpt denne og eig den. Her trengst det sykkeldrosjesjåførar, og vi bidreg også med opplæring til dei. Denne el-sykkelen er til glede for mange, seier ho og legg til:

– Elles har saniteten bidrege til innkjøp av førstehjelpsdokker, som helsestasjonen skal nytte som ein del av førstehjelpskurs under barselgrupper. Målet for helsestasjonen er å få dekt inn alle dokkene. Vi i saniteten har dekt fire av dei totalt åtte. Vi har også støtta Bell fritidsklubb, til innkjøp av diverse spel. Seniordansen i Ulsteinvik er også noko saniteten har vore med på å starte opp, og vi har støtta dei ved fleire høve.

– Vi støttar lokalsamfunnet der det trengst. Ulsteinvik sanitetsforening er den største i Ulstein kommune, dessverre er no både Flø, Dimna og Skeide nedlagde, men heldigvis er Haddal, Eiksund og Hasund/Sundgot framleis oppe og går. Vi vil veldig gjerne ha med fleire i saniteten. Ein treng ikkje vere godt opp i åra for å vere med. Yngste medlemmen vår er så vidt bikka 30 år. Dei som føler dei ønskjer å vere med kan kontakte meg eller andre i saniteten. Støttemedlemmar kan ein også vere, ein har ikkje møteplikt som medlem hos oss.