Jonathan Kreisberg Quartet med David Kikoski skal berre ha 4 konsertar i Noreg.

Etter konsertar i Ålesund, Fosnavåg, Sandefjord og Oslo går turen mellom anna  til Berlin, London, Madrid, Barcelona, Marseille og blir avslutta på Bar Next door i New York 25. mai. Fosnavåg konserthus har tidlegare annonsert denne konserten som «Jazz & Bacalao», men på grunn av den pågåande streiken i hotellnæringa blir det dessverre ikkje bacalao denne gongen, «berre» jazz.

Allereie som svært ung turnerte Jonathan Kreisberg med levande legender som Joe Henderson, Michael Brecker og Red Rodney.

Kreisberg sitt gitarspel blir omtalt som "tidlaus melodi, djup harmonisk forståing, eit totalt rytmisk overskudd og intrikate og moderne linjer som tek pusten frå publikum". Til Fosnavåg kjem Kreisberg saman med ein av dei største legendene innan New York-jazzen, nemlig pianisten David Kikoski.

David Kikoski kom til New York på 80-tallet etter eit opphald ved Berkley College of music. Han har turnert med musikarar som Roy Haynes, Randi Brecker, Bob Berg og Mingus Big Band. Å få høyre han i denne samanheng med Kreisberg blir ei oppleving utan om det vanlege.

Ellers i bandet har vi bassist Rick Rosato og trommeslagar Colin Stranhan. Dei er begge utdanna ved prestisjetunge New School for jazz and contemporary music i New York og er nokon av dei mest ettertrakta jazzmusikarane i dag. Arrangørane ser verkeleg fram til å få slik storbesøk til Herøy.