– Vi inviterer innbyggjarar frå heile ytre søre til aulaen på Hareid ungdomsskule no på onsdag, seier Kristian Fuglseth frå Folkelista for Hareid. Det er dei som står som tilskiparar av møtet der kommunereform-kritikar Per Gunnar Stenvaag vert ein sentral aktør.

Per Gunnar Stensvaag vitja Hareid i september i fjor og komande onsdag er han altså tilbake. Han har tidlegare karakterisert dei som er positive til kommunesamansslåing som "Sanners servile saueflokk".

Stensvaag har elles utmerka seg med sine kunnskapar om norske kommunar, både som medforfattar av den nyleg utgjevne boka «Folkestyre eller elitestyre?», og som dommar i programmet «Kvitt eller dobbelt» i temaet norske kommunar.

– Det har skjedd ein del sidan Per Gunnar Stensvaag gjesta Hareid sist, påpeikar Kristian Fuglseth.

På møtet vil Stensvaag halde eit foredrag der han legg fram dokumentasjon på reformprosessen så langt og kva erfaringar ein har gjort seg i dei kommunane som allereie har vore gjennom ein samanslåingsprosess.

– Det vert gode høve til å stille spørsmål etterpå, seier Fuglseth som altså inviterer innbyggjarane frå heile ytre søre Sunnmøre til aulaen i Hareid Ungdomskule onsdag kveld.