Norsk Tipping har no fordelt Grasrotandelane til lag og foreiningar over heile landet. 971.000 grasrotgivarar har gitt alt 141 millionar kroner.

Grasrotandelen vart skipa 1. mars 2009, og gir alle som spelar Lotto, Tipping eller dei fleste av dei andre spela til Norsk Tipping høve til å velge ei lag eller ein organisasjon som mottek fem prosent av speleinnsatsen.

På ytre Søre Sunnmøre er det idrettslaga som har flest givarar, noko som også resulterer i at dei får fleste grasrotandelar også.

Bergsøy IL i Herøy er den desidert største mottakaren av grasrotandelar, med 87.913 kroner fordelt på 549 givarar. Tjørvåg IL er på andreplass med 69.765 kroner fordelt på 214 givarar. På tredjeplassen finn vi Hareid IL med 307 givarar som har bidrege med i alt 66.047 kroner. Hødd IL hamnar på fjerdeplass med 61.908 kroner fordelt på 447 grasrotgivarar.

Idrettslaga dominerer, med andre ord, bortsett frå i Sande. Der er det barnekoret Småtroll som har 22 ivrige tipparar som har bidrege med i alt 16.164 kroner i grasrotandelar.

Ti på topp i Ulstein når det gjeld mottakarar av Grasrotandelar er:

Hødd IL - 61.908 kroner

Hasundgot IL - 17.553 kroner

Haddal IL - 14.400 kroner

Dimna IL - 13.413 kroner

Ulsteinvik skulekorps - 12.097 kroner

Foreningen for Hjertesyke barn - 7.940 kroner

Blåsarane Supporterklubb - 6.827 kroner

Haddal Musikkorps - 5.341 kroner

Hørselshemmedes Landsforbund - 4.586 kroner

Sørøyane Røde Kors - 2.850 kroner

Ti på topp i Hareid når det gjeld mottakarar av Grasrotandelar er:

Hareid Idrettslag - 66.047 kroner

Hjørungavåg Idrettslag 10.871 kroner

Hareid skulekorps - 8.780 kroner

Bigset skulekorps 8.118 kroner

Hareid Revmatikarlag 7.821 kroner

Sunnmøre Golfklubb - 7.155 kroner

Hjørungavåg skulekorps - 3.992 kroner

Brandal Velforening - 3.191 kroner

Hjørungavåg pistolklubb - 2646 kroner

Stratus Paragliderklubb - 2287 kroner

Ti på topp i Herøy når det gjeld mottakarar av Grasrotandelar er:

Bergsøy Idrettslag - 87.913 kroner

Tjørvåg Idrettslag - 69.765 kroner

Moltustranda Idrettslag - 38.899 kroner

Gurskøy Idrettslag - 38.236 kroner

Herøy Sanitetsforening - 9.531 kroner

LHL Søre Møre Herøy Sande Vanylven - 8.667 kroner

Kvalsvik og Nerlandsøy Musikkorps - 8.432 kroner

Moldtustranda Skyttarlag - 8.390 kroner

Bergsøy Blandakor -  7.120 kroner

Jøleik Skulemusikkorps - 6.736 kroner

Ti på topp i Sande når det gjeld mottakarar av Grasrotandelar er:

Barnekoret Småtroll - 16.164 kroner

Gjerdsvika IL - 14.442 kroner

Gursken Idrettslag - 13.149 kroner

Sandsøy Idrettslag - 10.101 kroner

Larsnes Gursken FK - 9.464 kroner

Kvamsøy Idrettslag - 6.906 kroner

Gursken Brass - 9.371 kroner

Larsnes Idrettslag - 6.906 kroner

Haugsbygda Kvinne- og familielag - 5.283 kroner

HML Varden - 5.158 kroner