Det kan vere litt av ein risikosport å arrangere friluftsgudstenester her på våre kantar. Torsdag bles det godt, ikkje minst ute på den gamle kyrkjestaden på Ulstein der soknet tradisjonen tru plar halde gudsteneste kvar Kristi Himmelfartsdag.

Arrangørane hadde budd seg på kraftig vind, så både alterduk og blomar var forsvarleg surra fast for å unngå at dei skulle få ei ufrivillig himmelfart. Det vesle orkestreret, beståande av Einfrid Grindheim, William Sander Kvalsund og Ståle Helvig, hadde dessutan sikra notearka sine med rikelege mengder kleklyper. Det einaste vi observerte som letta i blesten var blankskjoldahua til ein av songarane i Ulstein Mannskor som tok seg ein liten tur på eiga hand.

Folketonar

Det var Sindre Løvik som leidde folketonegudstenesta, og med si fyldige barytonrøyst framførte han folketonen «Så rodde dei fjordan» og bad kyrkjelyden tenkje seg nokre hundre attende i tid.

Folketonane knytte gudstenesta saman, både i litaniet og i salmesongen elles.

I preika si kom Løvik inn på misjonsbodet som Jesus gav læresveinane like før han forlèt dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

– Vi er godt i gang med oppdraget, men det er ikkje fullført enno, sa Løvik som minte om at lovnaden Jesus gav læresveinane også gjeld i dag.

Ulstein mannskor, som bidrog med song både som preludium og under sjølve gudstenesta, framførte «Når fjordene blåner» som postludium. Vinden tok tak i tonane og førte dei utover Ulsteinfjorden der ein einsleg brettseglar gjorde seg nytte av den friske vinden.