17. mai er ein stor og travel dag for korpsmusikantar. Korpsa er gjerne med i fleire tog for å glede folk med korpsmusikk.

Musikklaget ULF starta dagen med parade frå toppen av byggjefeltet Vikemarka, før dei enda i Skulebakken til frukost med Heidi og Leif Heimland. Her hadde dei med seg fleire musikkantar frå Ulsteinvik skulekorps, som speler med dei til dagleg, men som naturleg nok er opptatt med skulekorpset resten av dagen.

Vidare bar det ned til Ulsteinvik og barnetog, før dei drog til Flø og marsjerte i tog der. Bygdefolket på Flø veit å ta vare på ULF når dei kjem, så der vart dei varta opp med rundstykke, kaffi og kaker etterpå.

Klokka 15.00 starta folketoget/borgartoget i Ulsteinvik, der dei som vanleg gjekk ei runde før toget enda på skuleplassen.

Etter dette heftige korpsprogrammet viste stegteljaren 24 428 steg, og ein gå- og løpedistanse på 15,22 kilometer.