Diverre må Sturla Berg-Johansen melde avbod til Ulsteinvik på denne runda med Latter Live. Men han vil svært gjerne få besøke Sjøborg ved neste høve. I staden for Berg-Johansen kjem Øyvind Loven til Sjøborg denne kvelden. Han er ein av Noregs mest erfarne komikarar. Han er ein intelligent, sarkastisk og treffsikker humorist, kjend frå mellom anna "Morgenklubben med Loven & Co" på Radio Norge.

Det er ei glede å ta vel imot Øyvind Loven, som saman med Ørjan Burøe, Dex Carrington og Sofia Frøysaa vil gje oss ei latterleg morosam forestilling.

Dex

Den norskfødde amerikanaren Dex Carrington er ein rutinert komikar som har opptredd både i Noreg og USA. Dex har ein karisma og ei utstråling få kan matche.

Ørjan

Ørjan Burøe er ein driven komikar og kanskje den einaste som lovar kundane pengane tilbake om dei ikkje er nøgde. Som han sjølv seier: Om dei ikkje ler innan eitt minutt er det noko gale!

Sofie

Sofie Frøysaa gjorde seg bemerka i komikarmiljøet når ho sette opp sitt eige soloshow "Ambisiøs og Deprimert" som handlar om å vekse opp med ei lesbisk mor i Bibelbeltet når ein har tourettes syndrom.