Sopran Ann Cesilie Skundberg skal saman med damekoret Sirene og dei to mannlege vokalistane Arnt Ole Grimstad og Rolf Magne Tømte ønske våren og sommaren velkomen med ei stemningsfull stund i kyrkja.

Damekoret Sirene har gjort seg bemerka i kormiljø i både inn- og utland etter å ha vunne fleire gjæve prisar. Dei har vunne korkonkurransar både internasjonalt og her i Noreg i løpet av dei siste 10 åra. Koret er 20 år, og jubileumskonserten deira i fjor fylte Fosnavåg Konserthus til randen og blei i etterkant rosa til skyene av både aviser og publikum. Det er lenge sidan sist Sirene besøkte Ulstein kyrkje, og publikum kan sjå fram til nokre flotte og mektige korstykke denne kvelden.

Arnt Ole Grimstad blir med sin vakre stemmeklang ofte brukt i ulike songarrangement  i nærområdet og var ein del av koret SKRUK i fleire år. Rolf Magne Tømte var i fjor ein del av suksessopplegget FEEL IT og er låtskrivar i tillegg til å vere ein dyktig vokalist. Han har dei siste åra gitt ut fleire singlar under artistnamnet «Lejòn». Ann Cesilie Skundberg har mellom anna vore med på konsertane til Jazz&Koral siste året, og som vokalist på konsertar med Herøy Brass saman med den norske tenoren Stephen Brandt-Hansen i 2015.

Bandet inneheld ein knippe av områdets beste musikarar med Jan Thormodsæter på bass, Peter Demirov på tangentar, Kåre Lystad på gitar og Fred-Michael Knotten på trommer. Dette er alle musikarar som er godt kjende både i og utanfor nærdistriktet. Dei som tek turen til kyrkja denne vårkvelden, vil få nyte både flotte bass-og gitarsoloar saman med Peter Demirovs gode sans og talent for spel på hammondorgel og andre tangentar.

Kyrkjekonserten kjem til å innehalde både kjende perler og mindre brukte låtar, men fellesnemnaren er at dette skal vere ein publikumsvenleg konsert, der alle skal føle seg velkomne og kjenne igjen noko av repertoaret.

Velkomen til maikonsert i Ulstein kyrkje!