– Namnet kjem av at det klinger godt, og så er det stemningsskapande. Det er kvitt og reint her inne, og lokala minner litt om Spania og god stemning. Der er det Casablanca Club Bil & MC handlar om, den gode stemninga oss i mellom, seier Inge Eidem.

– Og så var vi i Spania då vi bestemte oss for at dette skulle bli namnet, seier Johannes Kristiansen og flirer.

Han og Inge gjekk saman og leigde lokala der YX heldt hus inntil nyleg, for eitt og eit halvt år framover. Bygget og tomta blei som kjent kjøpt opp av Ulstein kommune, og stasjonen skal med tida jamnast med jorda.

Inge og Johannes har på seinvåren rusta opp med ny garasjeport, pynta fint inne i det gamle bensinstasjonslokalet, og ikkje minst, fått tak i nokre lekre eldre bilar.

Lågterskeltilbod

For Inge, Johannes og dei andre ved Casablanca Club Bil & MC, er det viktig at kven som helst som ønskjer det, føler seg velkomne til å stikke innom. Anten det er for ein bil- eller motorsykkelprat, eller ein prat kring livet i seg sjølv. Også Stallar MC har lokalet som sin møtestad.

– Det er først og fremst eit lågterskeltilbod for bil- og motorsykkelinteresserte. Her kan vi samlast heilt uformelt, og kose oss med hobbyen vår. I dette miljøet er det vanleg å cruise, å køyre rundt i helgane med ein flott bil eller ein mo-torsykkel. Då kan det vere veldig greitt å ha ein møteplass, slik som denne. Og sjølv om dette er ein klubb, er alle som vil, medlemmar, uansett alder og tilhøyrsle.

– Passion

Eidem har gjennom heile livet vore bilinteressert, og dreiv som kjent Infra Handel i si tid. I dag driv han mest med utleige av eigedom.

– Eg kjøpte min første bil då eg var ti år, og min første moped då eg var seks. Eg likar alt med motor. Når ein etter eit langt liv byrjar å sjå slutten kome, må ein for alvor dyrke det som gjer ein ekstra engasjert. Dette handlar om pasjon, lidenskap, seier Inge og smiler.

Intensjonen er også å selje klassiske bilar som dei har kjøpt inn og rusta opp.

– Det blir ein flott heilskap her, seier Inge Eidem.