«Sommarles» er ein digital lesekampanje for 1. - 7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. Målet med kampanjen er å få så mange barn som mogeleg til å halde ved like og kanskje også betre leseferdigheitene i løpet av ein lang sommarferie.

– Sommarles har eksistert i fleire år i Møre og Romsdal, men det er første år det er med ein digital kampanje, seier Annette Elin Koch ved Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.

Også biblioteka i Hareid, Herøy og Ulstein har i fleire år arrangert «Sommarles». Unge lesarar får utdelt sommarles-pass, så skriv dei opp bøkene dei les. Så blir det heile avslutta med ein stor sommarles-fest på det lokale biblioteket, og det blir delt ut diplom og premiar.

«Sommarles» har framleis dette konseptet, men det er også noko meir. No blir lesegleda kombinert med born og unge sin fascinasjon for data og spel.

«Sommarles»-deltakarane kan melde seg på «Sommarles» gjennom ei nettside. Der kan dei undervegs registrere bøkene dei les, høyrer på lydbok eller andre les for dei. Etter kvart som dei les, vil dei nå nye nivå. Og når dei har nådd eit nytt nivå kan dei hente seg små premiar på det lokale biblioteket.

På sommerles.no kan borna også løyse oppgåver og følgje med på kva venene les.

Eksklusiv sommarforteljing

På nettsida sommerles.no blir det lagt ut ei eksklusiv historie, «Hvem stjal Mjølner». Forteljinga er spesialskriven av den kjente fantasyforfattaren Mari Moen Holsve  for Sommarles 2016, og kvar andre veke får barna ein ny episode, med spennande oppgåver knytt opp mot denne.

For å lese kapitla i historia må lesarane ha ei kode. Utover i sommar vil biblioteket henge opp kodene i lokala sine, så lesarane må med jamne mellomrom stikke innom biblioteket for å hente den nye koden. Og kanskje dei låner med seg påfyll av bøker i same slengen?

Bibliotekar Britt Opsahl Myrene ved Ulstein Bibliotek trur det blir litt kjekkare for borna å få meir oppfølging undervegs. Ho trur det kan verke motiverande for born å få små premiar etter kvart. Ein del born les av seg sjølv, andre kan trenge å bli motiverte, då kan «Sommarles» vere tingen.

Også for dei utan data

Ho håpar at folk ikkje lar seg skremme av den nye biten med datamaskiner. Dei som vil kan stikke innom biblioteket å registrere seg på «gamlemåten», og få tildelt «Sommarles»-pass i papir dei kan skrive på.