Og kva vil det eigentleg seie å ha eit morsmål? Dette er to av spørsmåla du får svar på under Dei nynorske festpela fredag 24. juni.

Unn Røyneland held årets Ivar Aasen-minneforedrag, om morsmål i det fleirspråklege samfunnet.  Røyneland er professor ved Universitetet i Oslo og nestleiar ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit, Humanistisk fakultet. Ho har særleg forska på dialektbruk og dialektendring blant ungdom, og på framveksten av nye dialektar i fleirspråklege bymiljø. Ho er også oppteken av korleis språk blir brukt, oppfatta og debattert på nett og i media. Røyneland har drive mykje med språkpolitikk, språkplanlegging og språknormering, og var mellom anna med på arbeidet med å lage ny rettskriving for nynorsk.

Har alle eit morsmål? Må det vere det same gjennom heile livet — eller kan ein skifte morsmål? Kan ein ha fleire morsmål? Morsmål er det språket ein kan best og identifiserer seg mest med, men i eit samfunn som stadig blir meir mobilt, globalisert og fleirspråkleg, er ideen om eitt morsmål utfordra.

Fredag ettermiddag møter du tre personar med ulik språkleg bakgrunn. Alle bur i Noreg, men har ulike historier å dele. Hibba Sarmadawy er journalist og tidlegare praktikant ved Nynorsk mediesenter. Ho kom til Noreg som flyktning frå Libanon og har arabisk som morsmål. Sarmadawy vaks opp i Hardanger, men vart eksponert for færre norske ord og uttrykk enn venene, m.a. fordi det var arabiske tv-kanalar som stod på heime. Då ho skulle studere, oppdaga ho at ho måtte bruke meir tid enn andre på å slå opp ord og grammatikk.

Árpád Kun er forfattar frå Ungarn og arbeider til dagleg som heimehjelp i Gaupne i Sogn. Han lærte noko norsk før han kom til Noreg, men fortel at han fekk sjokk då han møtte norske dialektar.

Anders Nilsen er kanadisk-engelsk og er no lærar ved Volda vidaregåande skule. Han har budd i Noreg sidan 2006 og har norske anar. Foreldra snakka ein del norsk i heimen då han vaks opp. Nilsen opplever at det å ikkje bruke morsmålet sitt kan føre til ei kjensle av maktesløyse.

Samtaleleiar er Heidi Fagna, tidlegare journalist i NRK, no tilsett ved Nynorsksenteret. Før samtalen les forfattar Eirik Ingebrigtsen frå boka Spikrar frå fallande plankar, som nyleg fekk Nynorsk litteraturpris 2015.

Dei nynorske festspela blir arrangert 23.–26. juni 2016 og har Morsmål som tema i år.

Unn Røyneland kjem. Foto: Nadia Frantsen