For fjerde gong har Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten arrangert skrivekonkurranse for ungdom mellom 16 og 20 år. I år har sjangeren vore kronikk, med utgangspunkt i årets festspeltema, Morsmål.

- Eg melde meg på fordi eg alltid har likt å skrive og følte difor at dette var ei kjekk utfordring og ei god moglegheit, svara Ingeborg Lillestøl til Vikebladet Vestposten då ho var klar som finalist.

Lillestøl er elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Les også: UVS-elev finalist i skrivekonkurranse

Dei andre finalistane var Mathias Sørbø (18 år) frå Volda og Hanne Krogsæter (16 år) frå Longva.

Utdelinga av sjekken på 5.000 kroner fann stad under eit ungdomsarrrangement på samfunnshuset i Volda.