Med erfaring heilt frå 1992 er det eit velsmurt maskineri som vert sett i gang, men det må likevel øvast – også til det 25. spelet, og søndag var det første storsamling for aktørane i Herøyspelet.

To av dei som såg fram til å møtast igjen er herøyværingane Morten Gusdal og Ghopi Prabaharan som spelar bisp Grimkjell og Fe den synske. Dei to vaks opp som naboar, til og med under same tak, frå dei var tre og fire år gamle. Foreldra deira hadde mykje med kvarandre å gjere og dei to gutane leika mykje i lag. Familien til Ghopi flytta etter kvart til Porsgrunn, men Ghopi har halde kontakten med dei gamle Herøy-venene sine.

Då Morten oppdaga at Ghopi skulle spele i Herøyspelet, var kommentaren på facebook slik:

- Det er det kulaste eg har høyrt i år.

Morten har mange år bak seg i Herøyspelet og hadde begynt å tenke på eit friår, men med Ghopi som medspelar kom han til at han berre måtte vere med i år igjen.

Og Ghopi som fersk skodespelar er veldig klar til spel.

- Å få vere med i Herøyspelet er meir stas enn at eg skal på institusjonsteater til hausten!

Jubileumsforestilling

Gerald Pettersen er på plass som regissør slik han har vore alle gongane, og denne gongen tek han også på kostyme og går på scena – som herøyhovding – slik han var det aller første året. Som vanleg lovar han nye grep og stadig forbetra spel.

- Vi gjer stadig endringar og i år har vi lagt inn litt ekstra sidan det er jubileumsforestilling.

Saman med dei profesjonelle skodespelarane myldrar det av unge og gamle herøyværingar på scena. Til saman rundt 200 personar lagar storslagne massescener som vekslar med små, vare tablå. Gjennom åra har 60.000 opplevd dette. Dei har sett Stadhavet som bakteppe gi  stadig skiftande lys, ver og stemningar. Dei har flira og gråte, kosa seg og vorte underhaldne av hemn og heltar, kjærleik og sjalusi, drap og drama.

- Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Spelet har også fantastiske kostymar, fantastisk musikk og fantastiske kulissar. Det er å trekke vinnarloddet å sitje her og kike på spelet, sa tidlegare leiar i Barneteatret Vårt, Eva Mørkset, då ho opna spelet i fjor.

Styreleiar i Herøyspelet, Tor Sindre Steinsvik, gler seg til å setje i gang det 25. Herøyspelet.

- Dette er ei storoppleving både for oss som er med på spelet og for dei som kjem. Totalpakken av teater, musikk, historie, natur og folkeliv er er oppleving utan sidestykke.

I hovudrollene i år finn ein:

Inga – Sigrid MoldestadRagnar Herøyhovding – Gerald Pettersen, som også har regi for 25. gong og spelte herøyhovding det første året.Unn den fagre, dotter deira, Ingrid Megård SæterIngolf Ynda, festarmannen hennar, Eirik del Barco SolegladKarl-Mørske, som røva Unn og heldt henne fanga, Frode BjorøyFe den synske, Ghopi PrabaharanKjerring Bråte, Hedvig GarsholKong Olav Haraldsson, Audun Sandem