Oddgeir Bruaset, kanskje mest kjend som programleiar for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", kom til Hareid med ei rekke forteljingar om mennesker som på 1800-talet budde på dei villaste og mest utilgjengelege plassane langs Storfjorden.

Den dyktige og kunnskapsrike historieforteljaren imponerte dei frammøtte med gripande historier om disse spesielle folka som levde dramatiske liv frå vogge til grav.

Bruaset og sannsynlegvis fleire andre har stilt seg spørsmålet om kvifor folk slo seg ned på slike urimelege plassar. Bruaset sitt svar etter å ha forska på liva til disse folka i ei årrekke, er enkelt:

- Det handla om å halde svalten unna dørene. Det var det livet handla om. I bygdene var det for mange og dei som flytta opp i fjellsidene kunne leve av det dei kunne hauste der, sa han.

To av tilhøyrarane kom heilt frå Spjelkavik for å lytte til historiene til Bruaset. Dette er Kari Remvik og Aasta Vasstrand, to damer som er svært engasjert i historiene og folket langs Storfjorden. Remvik er fødd i Eidsdalen og har difor tilknyting til området. Begge to har i tillegg vore på dei fleste plassane som Bruaset prata om i foredraget.

- Vi ser ofte fleire av programma frå "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i reprise, sa dei to damene.

Det var mange som møtte opp, omtrent 30 i talet, og dei fleste var som del av den eldre garde å rekne. Eit av hovudbodskapa i foredraget var likevel at "fjellfolket" hadde ein del kvalitetar som dei unge i dag kan lære mykje av.

- Disse folka har framleis noko å lære oss. Ei lære om nøysemd, viljestyrke og samhald. Om fellesskap framfor egoisme, sa han.

Er dette kvalitetar som vi ikkje har, men gjerne skulle ha hatt, spurte Bruaset retorisk.

Om ikkje lenge kjem Bruaset ut med ei ny bok, "Folket langs fjorden", illustrert med bilete som er tekne av Per Eide.