Tradisjonen tru var det også i år barnetime under Opplev Hareid. Teatargruppa Krabatane frå Bergen var på Hareid bedehus med framsyninga Mjau.

Fleire barnehagar i Hareid hadde teke turen til barnetimen, og her var også mange andre born som var møtt fram. Borna sat forventningsfulle tett-i-tett og venta til framsyninga skulle byrje.

Rakel Dyrhaug ønskte alle velkomen og lovde oss ei fantastisk framsyning. Så kom musikken på, me høyrde noko mjauing og to kattar kom smygande inn. Framsyninga var igang.

Bakgardskattane Katja og Trine song og fortalde om mange slags kattar. Me fekk møte togkatten Bjarne, gamle Geronimus, dansekatten Bellarus, to fisefine kattar og ein mystisk og litt skummel katt til slutt.

Borna lo og såg ut til å kose seg. Dei fekk også vere med å danse på eine songen.

Etter framsyninga gjekk turen vidare til folkebiblioteket, der det var gratis is.