NORCD fyller 25 år og ber inn til storslått feiring på Sentralen i Oslo, fredag 30. september og laurdag 1. oktober.

I 25 år har plateselskapet berika det norske folk med jazz, folk- og verdsmusikk. Dette skal dei feira med 18 konsertar desse to dagane. Det blir sal av CD-ar, LP-ar, filmar, føredrag og seminar for både store og små.

- Me gler oss stort til å feire våre 25 år som plateselskap. Me er veldig stolte av artistane våre og lger oss til å gje ei ganske stor smakebit av kva me driv med, seier musikar og mannen bak NORCD, Karl Seglem.

Ei av dei som skal stå på scenen desse dagane er Ingrid Støylen Runde frå Ulsteinvik. Ho syng i vokalensemblet Oslo 14.

Desse artistane skal opptre:

Truls Horvei

Isglem

Picidae

Glima

Eple Trio

Dag-Filip Roaldsnes

C Stiefel Trio

Monsterjazz

Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola

Christian Wallumrød

Håkon Høgemo

Stian Omenås &Rob Waring

Eplemøya Songlag

Fivil

Håkon Storm

Oslo 14

Andreas Haddeland Trio

Berit Opheim