Jamie Paul Scanlon, også kjent under kunstnarnamnet JPS, har transformert den gamle og slitte sildoljefabrikken på Brandal til eit kunststudio.

Den nedslitte og røffe fabrikken er ein perfekt kontekst for gatekunsten til Jamie. Mellom knuste vindu og rusta metall byrjar kunstverka til Jamie å ta form.

- Eg blir inspirert av spesielle stadar som til dømes denne fabrikken. Kunsten min kjem betre fram i ein slik kontekst, seier Jamie.

Det var ved ei tilfeldigheit at Jamie kom til Noreg fyrste gongen og vart introdusert for det norske gatekunstmiljøet.

- Eg vart invitert til Stavanger av Tor Staale Moen, som hadde kjøpt eit av mine verk. Han hadde eit prosjekt på gong på Utsira og inviterte meg til å bidra med gatekunst. Det var ein sjanse eg tok den gongen med å reise til Noreg, men eg er veldig glad for at eg gjorde det, slår han fast.

Gjennom prosjektet på Utsira, fekk Elias Liavåg og dei andre på Fantehuset på Hareid augene opp for gatekunstnaren JPS. Dei inviterte han til Hareid for å "piffe" opp Fantehuset med gatekunst. Sidan den gong har Jamie komt til Hareid med jamne mellomrom.

Jamie skal vere på Hareid i heile sommar og har planar om å utsmykke fleire bygg i regionen.

- Det er fleire forlatte bygg i området som eg ser potensiale i for gatekunst. Eg ynskjer at folk skal kome ut, kunne gå frå stad til stad og kjenne igjen kunsten. Poenget er å kunne overraske folk og introdusere dei til ein ny type kunst, seier Jamie.

Han seier vidare at han etterkvart vil lage meir norsk-inspirert kunst og dermed kanskje fange eitt nytt publikum.

Neste veke skal Jamie jobbe saman med to andre kunstnarar på Hareidlandet. Då kjem britiske Fawn og tyske Pzy på besøk. Dei skal og setje sitt preg på sildoljefabrikken på Brandal.

- Håper mange vil kome innom å sjekke ut gatekunsten, seier Jamie og ynskjer alle velkomen.