Kvar dag neste veke (måndag 25. juli til og med fredag 29. juli) er det vandreteater med tunkatten Lurivar i Aasen-tunet. Denne gongen er han på sporet av vegen til Ordpolen, sjølvaste draumereisemålet til Lurivar!

Lurivar har høyrt at på Ordpolen kryr det av ord som han kan bruke i ordsamlinga si. Han tek med borna på ei reise frå stjerne til stjerne på leit etter den myteomspunne staden som fløymer over av ord. På vegen gjennom museet finn Lurivar mange artige og rare ting i utstillinga dei kan stoppe opp ved og sjekke ut.

Lurivar og reisa til Ordpolen er eit vandreteater med skodespelar Maria Halseth i rolla som Lurivar. Etter vandringa blir det lagt opp til enkle aktivitetar i tunet som borna kan gjere. Nokre av aktivitetane blir også Lurivar med på. På dagar med nokolunde tørt vêr kan borna vere med Lurivar opp på turmålet Høgetua for å lese bøker i utebiblioteket. Dit er det om lag 15 minutt å gå. Då kan det vere kjekt å ha med ein matpakke, drikkeflaske og noko å sitje på. På dagar med mykje regn blir det lesestund med Lurivar i Gamlemuseet. I kafeen byd ein på Lurivars lure vaflar. Heile opplegget med aktivitetar og tur til Høgetua varer om lag i to timar.

Mangfaldig sommarprogram

Aasen-tunet byd på eit mangfald av aktivitetar og program for både store og små. Til og med fredag 12. august skjer det aktivitetar på kvardagar. Barnebokstund, songstund, foredrag og bokkafé er nokre av dei faste tilboda.

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar.