Veteranbåten Hindholmen held fram feiringa av 100-årsjubileet. I samband med Naturfestivalen i Ørsta- og Voldaområdet, vert det Maritim dag på Vartdal førstkomande søndag ettermiddag. Servering av bacalao vil skje inne i den gamle klippfiskbua, der det frå 1954 til 1990 vart produsert prima klippfisk, som deretter vart eksportert til mellom anna til Brasil, Cuba, Afrika og Spania.

Sjøbudørene vil stå opne ut mot Hindholmen, nett slik båten låg i sine aktive arbeidsår og lossa fisk. Inne på bua vart fisken vaska, salta og tørka til ferdig klippfisk, pakka og sendt til fjerne himmelstrok. Fiskelukta sitt framleis att i veggane, noko som gjev ei ekstra sanseoppleving til farne tider med slit, kulde og hardt arbeid.

Og til bacalaoen vert det noko attåt. Nemleg opera. Ålesundjenta Kathrine Amdam Eckholm vil frå bakken eller galgedekk på Hindholmen tone ut si vakre operarøyst, og på repertoaret vert det kjende songar med tema frå sjø og hav. Kathrine har studert ved statens operahøyskole og har ein bachelorgrad i utøvande klassisk sang med fordjupning i pedagogikk frå Baratt Due Musikkinstitut.

Det vert og foredrag i lasterommet på Hindholmen som no er innreidd som museum, om «Hindholmen og restaureringsarbeidet» ved Brit Aarseth. Omvisning ombord av er det mellom andre pensjonerte sjøfolk som tek seg av. I byssa får ein smake på kruttsterk kaffi. «Butikk, båt og reiarlagsmuseet» og «Miss Boyd» museet ved kaia vert og ope denne dagen. Stiftinga MS Hindholmen ønskjer alle hjarteleg velkomne.