KFUK-KFUM samarbeidar med Sunnmøre Folkehøgskule og arrangerer Ten Sing-seminar ei veke kvar sommar. No er 150 ungdomar og 45 frivillige samla for ei kjekk, intensiv og lærerik veke. Laurdag arrangerer dei ein storslått konsert og håpar at flest mogleg tek turen.

Tett program

Heile seminarveka er fullpakka med program. Dei har samling både morgon og kveld, og kvar dag er det seminargrupper. Der kan deltakarane velje å delta på alt frå direksjon til gitar til drama.

Totalt er det 13 ulike seminar deltakarane kan velje mellom. Dei får undervisning i det eine emnet dei vel heile veka.

Elles har dei ulike samlingar, et mat saman, har felleskor og SportY. På laurdag vert det som nemnt konsert.

Det er eit tett program, men den gode stemninga er til å ta og føle på. Deltakarane smiler og kosar seg tydeleg.

Alle kan vere seg sjølve

Tora Bjørnøy Lalim er prosjektleiar ved årets Ten Sing-seminar. Ho og mange av dei andre frivillige har vore her fleire år på rad.

-              Fleire av deltakarane har sagt at «her kan eg vere meg sjølv». Dette trur eg er grunnen til at mange av dei frivillige kjem att. Dette er ein viktig arena der unge føler det er plass til dei.

Lalim legg til at dette er ein stad ungdomen får utfalde seg innanfor trygge rammer. Det er eit opent miljø der folk kan vere seg sjølv.

Kjem frå heile landet

Både deltakarar og frivillige kjem frå heile landet. Slik har det alltid vore. Lalim fortel at for mange av dei er Ulsteinvik og SUFH draumeferien. Dei gler seg til å få kome att.

– Det vert knytt så mange gode minner til Ulsteinvik og SUFH. Vi får fine tilbakemeldingar frå folk om at dei har gode opplevingar her ifrå. Så då gjer vi noko rett.

Storslått konsert

Laurdag skal resultatet av den knallharde jobbinga visast fram. Det vert konsert laurdag kveld ved SUFH.

Under konserten skal deltakarane framføre kjente hitlåtar, ta opp aktuelle tema gjennom drama, og framføre sjølvlaga dansar.

– Eg anbefaler alle å ta turen for dei får oppleve noko heilt unikt. Det vil vere mykje glede og god stemning, seier Lalim som håpar alle vil kome.