Lidvar Rise legg fram at det alltid har vore mykje song, kor og musikk i Hareid. Han meiner at vi no er inne i ein gullalder på dette feltet. Han reknar seg fram til at her er åtte kor, pluss Vox Virorum, så kjem Melshorn, Hjørungavåg Brass, tre skulekorps, eit barnekantori, og eit musikklag.

- Så stor song og musikkaktivitet trur eg ikkje her har vore tidlegare. Og kvaliteten er jamt over på topp. Det har vi fått høyre  no i vår med alle konsertane vi har hatt, skriv Rise vidare.

Han meiner at Hareid skil seg ut med tanke på kor- og musikkaktivitet i forhold til folketal. Rise seier at Hareidsstemna er eit flott arrangement på hausten, men han etterlys ein festival eller liknande om våren.

- Her er framifrå solosongarar av begge kjønn, likeeins felespelarar og pianistar i toppklasse! Så kreftene og moglegheitene er her i rikt mon!

Rise seier vi ikkje har grunn til å vere beskjedne, snarare tvert i mot.

- Vyer, ambisjonar, idear og initiativ trengst. Dugnadsånd er her, så det er berre å sette i gang!

Han avsluttar med at vi har ein arv å ta vare på – og gjere endå rikare.