Sondre Skorgen (vokal og gitar), Vegard Johansen (trommer, banjo, synth og kor), og Ole André Nogva (bass, synth, kor og perkusjon), dannar i lag bandet Skóg. Laurdag inviterer dei inn til låvefest i Snipsøyrdalen for tredje år på rad! I den anledning har dei i tillegg med seg Jim Andre Gjerde som korist, Erling Skorpen på trompet, og rapparen Chris Masters. Gjengen på Trudvang er teknisk hjelp.

Låvefesten har eit kult konsept med intimkonsert, grilling og moglegheit for telting for dei som vil det. Litt som ein liten festival. Vêrmeldingane er gode og Skorgen lovar god stemning.

- Det vert rar, og litt gal musikk!

Skorgen fortel at musikken deira er Indiefolk med innslag av hiphop i nokre av låtane. Han fortel at NRK P3 seier musikken deira minner litt om bandet Mumford & Sons. Det lovar bra! Det vert høg sommarstemning og mykje hjartevarme.

Stor suksess

Dette vert den tredje låvefesten på rad, og det har vore stor suksess. Det heile vert heldt i låven på familiegården til Skorgen. Alle i bandet er utdanna musikar og produsentar, og har ein sterk lidenskap for musikk. Johansen er tilfeldigvis utdanna møbelsnekkar i tillegg. Skorgen hadde sett videoar av konsertar heldt på intime og kanskje litt rare stader og var inspirert av det. Då låven stod tom for tre år sidan ville dei slå til. Dei laga scene, ordna lokalet, og heldt sin fyrste offisielle konsert. Det vart ein stor suksess som dei har gjort til tradisjon.

- Det er den konserten vi kosar oss mest med. Og den vi jobbar mest mot, seier Skorgen.

Dei ville skape noko personleg. I tillegg seier han det er ein lokal og viktig kultur som interesserer folk utanfor bygdene akkurat her. Konserten samlar folk frå heile Sunnmøre og litt til!

Kjøp billettar til konserten på tikkio.no eller gjennom tikkio-appen!