Brandalsdamene kom i kontakt med nonnene etter ei handverksmesse i Bjorli for nokre år sidan. Dei fekk lyst til å få nonnene til julemessa på Brandal, som dei to damene er svært engasjert i. Nonnene stilte ut produkta sine på julemessa i fjor saman med munkane frå Selje.

– Det var ein stor suksess på julemessa på Brandal i fjor, det er den beste messa vi har stilt opp på, seier abbedisse Thavoria, opphavleg frå Sjøholt. Ho og nonne Damaskini som er på besøk på Brandal denne dagen er to av totalt fem nonner som bur på prestegarden i Norddal.

Sidan den gongen har det utvikla seg eit vennskap Brandalsdamene og nonnene i mellom. Wingsternes og Brandal har arrangert både påske-tombola og kafé i gymsalen på Brandal til inntekt for nonnene. Dei har samla inn både ting, dyr og pengar til dei. I tillegg har dei hjelpt dei å bygge hønsehus og luka bedd.

– Vi har eit ynskje om å hjelpe dei. Det handlar om å gi og få, ikkje minst å ta vare på kvarandre – spesielt i desse tider, seier Wingsternes.

– Dessutan er gleda ofte større å gi enn å få, slår Brandal fast.

Ny kyrkje og kloster

Heilt sidan 1990 då den dåverande ordføraren i Norddal kommune ytra eit ynskje om at det kunne byggjast eit kloster på ei fjellhylle på Syltefjellet i Valldal, har byggjeplanane gått framover.

– No er arkitektteikningane klare for å leggjast fram til kommunen, og vi har fått klarsignal frå geologen vår, seier Thavoria.

Men for ikkje mange dagane sidan hadde nonnene i Norddal besøk av den rumensk-ortodokse biskopen for Europa og han har bestemt at nonnene i Norddal skal få ei kyrkje frå Romania.

– Kyrkja skal vere klar om fire månader og skal deretter transporterast hit. Vi håper å få kyrkja opp på fjellhylla, seier Thavoria.

Utlodding av herrebunad

Med tanke på dei utgiftene som no vil fylgje med, kunne det ikkje passa betre at dei to brandalsdamene skal lodde ut ein herrebunad til inntekt for nonnene.

– Det er ei dame frå Stordal som har donert vekk denne bunaden og det er vi svært glade for. Den kjem til å vere sydd etter mål til den som vinn han, seier Wingsternes.

Dei håper at loddboka vil gå i omløp fleire stadar på Søre Sunnmøre og i Norddal, og seier at dei som ynskjer det kan gå rundt med loddboka. Dei opplyser mellom anna at dei kjem til å selje lodd under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik mot slutten av august.