- Vi har sjeldan fått så gode tilbakemeldingar. Om det er fordi vi song spesielt bra, eller fordi publikum er veldig glade i mannskormusikk veit ikkje eg, seier Kristoffer Vestnes til Vikebladet Vestposten, om konserten Den norske Studentersangforening heldt i Sande kyrkje på Sandsøya i helga som var. 180 frammøtte fekk ein heilaftan med nydeleg korsong, ifølgje fleire av dei som fekk oppleve det.

Men, i innslaget vi har fått løyve til å nytte her på våre sider, som du kan sjå over, tok koret lik så godt turen inn i den mektige Dollsteinhola, både for å oppleve hola og for å halde ein minikonsert.

- Damekoret Siréne hadde konsert der for ein del år tilbake, og eg har lenge hatt lyst til å prøve akustikken med mannskor. Det vert sagt at rommet har ein heilt eigenarta klang, og det er eg no overtydd om at stemmer, seier Kristoffer Vestnes.

- Ville vise kor fint det er på Sunnmøre

Larsnesingen er formann i Den norske Studentersangforening på andre året. Han blei medlem hausten 2013. Men, Vestnes har lang erfaring innan mannskorsong, og song tidlegare i Trondhjems Studentersangforening i fire år (2009-2013), og i UKEkoret Pirum (2010-2012).

Han er glad i heimstaden sin og naturen på Sunnmøre, og tok difor med seg fleire av medlemmane i DnS, på ein tur dei heilt sikkert seint vil gløyme.

- Eg har veldig lenge hatt lyst til å vise resten av koret kor fint det er på Sunnmøre. Med fjelltur til Saudehornet, tur i Dollsteinhola, vitjing på Aasentunet, Arthurspelet og bading i Sunnmørsbadet har eg fått gjort det. Men, hovudgrunnen til at vi var på Sandsøya var konserten vi heldt i samband med Orgelsommar i Sande på laurdag, seier Vestnes.

Så kan det også nemnast at mor til Kristoffer, Jorunn Våge Vestnes, innlosjerte heile gjengen på 16 mann.

Det var ein fryd å vere til stades under konserten til Den norske Studentersangforening i Sande kyrkje i helga, ifølgje fleire som fekk den med seg. Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt.