Wenche blei lam som 39-åring. Før det var det ikkje mykje som gav inntrykk av at ho hadde spesielt stort talent for kunstmåling.

- Eg fann vel eigentleg ut at eg ville prøve, og ser at eg får det til, seier Løseth til Vikebladet Vestposten.

Fredag opna ho salsutstilling, der ho har med eit knippe av alle dei bileta ho har måla sidan ho byrja for fem år sidan.

- Eg trur kanskje dette blir mi første - og siste salsutstillinga, seier ho smilande, til stor protest frå familien ho har rundt seg i lokalet no under utstillinga.

Ope også laurdag

Har du ikkje fått med deg denne utstillinga så er ho open også laurdag.

- Det var ein del som kom innom då vi opna i stad, men no har det stilna litt. Håpet er at mange tek turen laurdag også, seier Løseth avslutningsvis.