I mai slapp Highasakite albumet «Camp Echo» til strålande meldingar. Dermed følgde dei opp med «Silent Treatment», som klarte heile 94 veker i strekk og dermed ny rekord på Noregs offisielle albumliste (VG-lista), på glimrande vis.

Før den tid slapp bandet i januar singelen «Someone Who´ll Get It» til like strålande mottaking. Det var ikkje berre her heime i Noreg folk beit seg merke i det nye materialet, singelen hadde også premiere på mellom anna BBC1 i Storbritannia og Triple J i Australia, medan musikkvideoen hadde premiere hos sjølvaste Vogue. Online (stream) var det The Fader som sto for premieren.

Sidan den gongen har singelen nådd gullstatus og ein førsteplass på radiolistene her til lands. Den har også blitt lista på dansk P3 og 1Live i Tyskland. «Someone Who´ll Get It» vaks seg til å bli ein av Triple J sine mest spelte låtar over ein lang periode.

Etter den tid har Highasakite hatt fleire hitar på radio.

Spelte på fleire festivalar

På livesida har Highasakite nyleg gjennomført ein festivalsommar kor dei i Noreg har vore mellom hovudatraksjonane på Øyafestivalen, Bergenfest, Pstereo, Parken og Trollrock, medan fleire store internasjonale festivalar som Roskilde, Hurricane, Glastonbury, Bråvalla og Latitude også har blitt gjennomført. Highasakite gjorde ved siden av dette dessuten ein eigen (utseld) sleppkonsert på Village Underground i London.

Highasakite er offentliggjort som første artist, og det norske bidraget, til årets Nobelkonsert.

Highasakite skal frå oktober ut på ein omfattande Noregsturné. Dei skal innom Hammerfest, Gjøvik, Vinstra, Trondheim, Volda, Ålesund, Tromsø, Bodø, Kristiansand, Stavanger, Sogndal og Bergen, i tillegg til Oslo Spektrum som vart annonsert i går.

Før den norske turnéen reiser Highasakite ut på ein 18 konsertar lang turné i utlandet, nærare bestemt 10 konsertar i USA og 8 konsertar rundt om i Europa.

Rokken

Torsdag 20. oktober speler dei på Studenthuset Rokken i Volda. Billettane vart lagt ut for sal i dag tidleg, og er no seld ut. Billettane til konserten i Ålesund vart rivne vekk etter tjue minutt.