Leseaksjonen Sommarles for alle born i barneskulane rundt om i landet nærmar seg no slutten. 31. august er siste frist for å registrere det borna har lese, høyrd av lydbøker eller vorte lese for i sommar.

Sommarles kom i år i ei ny nettbasert form der borna kunne fylgje med på kva andre born i landet les og også ta del i spanande konkurransar.  Det ser ut til å ha vore ein suksess.

I Møre og Romsdal har borna lese over 35000 bøker i løpet av sommaren! Berre her i Hareid og Ulstein kommune har borna til saman kome seg i gjennom over 143 000 sider med spenning, kjærleik, fantasy og humor.

Hareid folkebibliotek og Ulstein bibliotek er veldig nøgde med alle borna som les og takkar alle engasjerte foreldre og lærarar som har bidrege til at så mange har meldt seg på denne leseaksjonen. Biblioteka har hatt godt med besøk i løpet av sommaren og kan melde om mange ivrige lesande born.