Laurdag 24. september kjem YouTube-stjernene Prebz og Dennis til AMFI Ulsteinvik. Her blir det show og signering i etterkant.

Prebz og Dennis er kjempepopulære og då spesielt mellom barn og ungdom under 17 år. På YouTube-kanalen deira, som har nesten 200.000 abonnentar, legg dei ut film om korleis dei spelar dataspel og utfordrar kvarandre i ulike stunts.

Under opphaldet i Ulsteinvik kjem der også eit filmteam som lagar dokumentar om gutane. Ein film som seinare skal visast på TV, på YouTube og på sosiale media.