Lenge før dei to Youtuberane skulle dukke opp var det allereie nærast fullt framom scena i andreetasjen på Amfi i Ulsteinvik laurdag. At Prebz og Dennis, eller Preben Fjell og Dennis Vareide som dei eigentleg heiter, er populære var det altså ingen tvil om. Både unge og litt eldre gutar og jenter var klare til å ønskje dei to og medhjelparane velkomne.

For dei uvitande som fann vegen innom Amfi laurdag fekk seg nok ei skikkeleg overrasking, ikkje minst på grunn av lydnivået. Ikkje berre var det høge rop og hoiing frå gutane på scena, men også med taktfaste rop og jubel frå det talrike publikum.

På scena var det mykje energi, og Youtube-stjernene levde seg som venta veldig inn i det der dei konkurrerte i spel som "Rocket League". Latteren sat også laust hos publikum, då Dennis fekk ansiktet dekka med krem, og under ein smakebit på dagens episde frå Youtube-serien "Lørdagskos" som skal publiserast seinare i dag.

Prebz og Dennis har nærare 200.000 abonnentar på sin Youtube-kanal og videoane er sett meir enn 115 millionar gongar.