– Eg har vore høgt og lavt inne i Storfjorden tre somrar på rad, fortel Per Eide.

Han har teke seg fram til dei mest avsidesliggande stader ved hjelp av båt og til fots og noko av resultatet har blitt trykt i Oddgeir Bruaset si siste bok, «Folket ved fjorden» som kom ut nyleg. I tillegg har han vore fotograf for eit bokprosjekt i regi av Storfjordens Venner og han har også levert fotografi som vert presentert i storformat ved Fjordsenteret i Geiranger.

Han har med andre ord gjort seg godt kjent i fjordstroka innanfor.

– Likevel føler eg på meg at det framleis er mykje att å oppleve der inne. Det er ei spesiell kjensle å legge til i ei gammal båtstø og finne restane av ein attgrodd, oppmura veg du ikkje heilt veit kvar vil leie deg, seier Per Eide.

«Folket ved fjorden» er elles den tredje Bruaset-boka han har vore fotograf for.

Harald Grytten

Den første boka han var hovudfotograf for var Harald Grytten si bok «Ålesund og Sunnmøre» som kom ut i 1985. I løpet av dei vel tretti åra som har gått sidan den gong har han vore hovudfotograf for i alt femti bøker så langt. To bøker til er rett rundt hjørnet, ei jubileumsbok i høve 100-årsjubileet til hotellet i Ulsteinvik og ei bok om reiarlaget Eros.

– Den boka eg er aller mest nøgd med er likevel «På sporet av Norge». Dette er i all hovudsak ei biletbok som syner norske landskap. Eg reiste landet rundt med campingbil i 3–4 månader og fotograferte. Eg hadde med meg båt og slik kom eg meg ut til dei mest avsidesliggande stader du kan tenke deg. Eg prøvde å unngå dei mest innlysande turistmotiva. Av og til var ikkje dette til å unngå og då var utfordringa å finne nye vinklar å avfotografere desse på, fortel Eide.

Boka, som vart utgitt for 13–14 år sidan, har kome i utgåver på ni språk.

– Eg har nok fått sett meir av Norge enn dei fleste. Det er mange flotte stader. Sjølv har eg mest sansen for dei aude landskapa. Svalbard i mars-april er fantastisk, men fjordane, Lofoten, Vesterålen er også mellom favorittane.

Allsidig

Per Eide har vore ein allsidig fotograf og har mellom anna hevda seg i verdstoppen innan undervassfotografering. Dei seinare åra har han også tatt til å jobbe med levande bilde.

– Det handlar om å heile tida utfordre seg sjølv og å lære nye ting. Når det gjeld lyssetjing, komposisjon og slike ting, gjeld dei samme reglane for fotografi som for film. Men med levande bilete opnar det seg ei heilt anna verd når det gjeld å skape forteljingar.

Per Eide er i dag ein del av fellesskapet I4it som leverer tenester innan mellom anna grafisk formgjeving og filmproduksjon. Nett no er det den nye «skrytefilmen» til Ulstein kommune som skal lanserast og jubileumsboka til Ulstein Hotell er også eit slikt fellesprosjekt.

– Ved å vere fleire er vi betre rusta til å ta på oss større oppdrag, framhevar Eide.