Denne gongen har dei med seg forteljaren Per Jostein Aarsand. Han vil fortelje historia om verdas snillaste og gatas sterkaste hund, Rocky. Per Jostein fortel og syng om denne bestekameraten.

Per Jostein Aarsand var i fleire år kunstnerisk leiar for Fortellerfestivalen i Oslo. No reiser han rundt med framsyningar og underviser i forteljarkunst i heile landet. I 2013 vart han nominert til Gullsekken for beste skuleførestilling.

Her er ruta

Onsdag 28. september er bokbåten i Stokksund, Moltustranda og Kvalsund.

Torsdag 29. september er han i Gjerdsvika, Gursken og Rovde.

Fredag 30. september er han i Kvamsøya, Fiskå og Slagnes.

Laurdag 1. oktober er han i Sør Brandal, Sandshamn og Velsvik.

Sundag 2. oktober er han i Eiksund og Lauvstad.

Måndag 3. oktober er han i Haddal, Leikong og Dravlaus.

Tysdag 4. oktober kjem han til Austefjord, Folkestad og Barstadvika.

Og onsdag 5. oktober er det Vartdal, Hjørungavåg og Ramstaddal som står for tur.