På oppfordring har Runde Miljøsenter fått Janne Bareksten til å kome til miljøsenteret ein gong til. Bareksten belyser eit aktuelt og alvorlig tema som mange engasjerer seg i.

I masteroppgåva si skriv Bareksten «Forbruket av plast har vore sterkt aukande sidan 1950-talet. […] Sjølv om kjeldene til plastforureining er mange, er det sentrale prinsippet bak plastforureining at ein ikkje tek hand om plastavfall på ein forsvarleg måte» (Bareksten 2014, s 4).

Bitte små mikroplasbitar som bl.a. blir skapt av plast vi hiv på sjøen, blir tatt opp av dyreplankton og dyr i havet. Er vi i ferd med å øydeleggje havet som skal produsere mat til menneske i framtida? Korleis avgir desse mikroplastbitane miljøgifter som truer både dyr og menneske? Kva veit vi om konsekvensane av denne forsøplinga?

Desse alvorlege spørsmåla blir tema på Runde Miljøsenter førstkomande søndag. Janne Bareksten som har mastergrad i marin forsøpling kjem att for å fortelje oss om store plastøyar i havet og korleis plasten kan kome inn i heile næringskjeda. Fugleforskarar som er knytt til Runde miljøsenter har lenge sett at plast frå fiskegarn og nøter er ein trussel for fuglane som hekkar på Runde. Dei lagar reir av det og blir hengande fast og svelt i hæl. Fuglefjellet er farga av oransje og grøne fiskenøter. Men mikroplasten kan verte eit mykje større problem.

Det finns tusenvis av tonn med plastavfall i sjøen og langs strendene våre. Spørsmålet mange no stiller seg er om kjemiske miljøgifter i desse små plastpartiklane blir tatt opp i næringskjeda og forplantar deg vidare oppover til fisk, sjøpattedyr og menneske.

- Dette er skræmande perspektiv som må handsamast med det største alvor. Er vi i ferd med å øydelegge det miljøet som skal produsere millionvis av tonn med sunn mat til våre etterkomarar i tusenvis av år framover? spør Runde  Miljøsenter som inviterer til foredraget førstkomande søndag.