Molvær tilhøyrer toppskiktet av norske jazzmusikarar og turnerar meir i utlandet enn i Noreg.

Bandet er eit selskap med sterke stemmer; trommer, bass, slidegitar, kreative tangentar og optimal elektronikk tar deg med på ei reise du vil skal vare lenge. Det er umiskjennelig Molvær vi skal få høyre, ein moderne, nordisk tone av nytenkande jazz med spennande islett, kringsett av toppen-av-lista-musikarar!

Til Fosnavåg kjem Nils Petter Molvær på trompet, Geir SundstøI på gitar, Jo Berger Myhre på bass og Erland Dahlen på trommer.

- Vi er stolte av å ønske han velkomen til Fosnavåg, skriv Bjørn Holum i ei pressemelding.

Konserten er på Fosnavåg konserthus torsdag 29. september.