Søndag er det avslutningsfest både i Ulstein og Hareid for alle deltakarar i sommarens store leseaksjon «Sommarles». Sommarles er den årlege leseaksjonen for born i barneskulealder som biblioteka i regionen arrangerer.

Leseaksjonen var i sitt tiande år denne sommaren og biblioteka i både Hareid og Ulstein hadde rekordmange deltakarar.

Samla las årets deltakarar i Hareid og Ulstein tett opp mot 3000 bøker på til saman 266 942 sider! Det er eit imponerande tal som vitnar om mange leseglade born.

Søndag vert det på dei respektive biblioteka fyrst ope hus med familieunderhaldning av Klovnen Knut, deretter avslutningsfest for alle som har delteke på Sommarles.

Klovnen Knut, som er busett i Oslo, kjem med eit show med klassisk klovning, sjonglering, musikalske innslag og mykje meir. Klovneshowet er i samarbeid med Folkeakademiet.

Sommarlesfesten byr som vanleg på premiar og stas på alle deltakarane.