Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Torsdag 6. oktober kjem Aud Farstad til Ivar Aasen-tunet med boka På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie. Ho les frå boka og fortel særskilt om jordmødrene frå vårt distrikt.

– Historia om distriktsjordmødrene er ei historie som verkeleg gjer inntrykk, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

– Desse sterke kvinnene var pionerar på mange måtar, og denne kvelden blir du betre kjend med dei når Aud Farstad tek deg med inn i ein viktig del av norsk historie.

Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når born kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert. Jordmødrene vart utdanna som medisinske handverkarar.

Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg. Jordmorskulen var den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder.

På liv og død er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrenes historie i Noreg. Boka blir også skildra som det mest omfattande kvinnehistoriske arbeidet som er gjort i Møre og Romsdal. I vårt distrikt kan vi vere stolte av at Møre og Romsdal – Romsdals amt – var det første fylket i Noreg med offentleg finansiert jordmorteneste på landsbygda.

Aud Farstad er historikar og har arbeidd med sosial- og kvinnehistorie store delar av livet. Ho signerer bøker etter arrangementet, som er i samarbeid med Det Norske Samlaget.