I samband med Demensaksjon 2016 vart det samla inn i alt 404.332 kroner i regi av Ytre Søre Sunnmøre Demensforening.

Leiar i foreninga, Kari Ristesund, er svært nøgd.

– Under konserten i Ulstein kyrkje på Alzheimer-dagen, der kulturkrefter frå alle kommunane som soknar til Ytre Søre Sunnmøre Demensforening deltok, kom det i alt 20.842 kroner, fortel Ristesund.

I tillegg har det vore ute bøsseberarar og i Ulstein vart det samla inn 71.575 kroner. I Hareid resulterte bøsseinnsamlinga i ein sum på 62.679,50.

– Vi ønskjer å takke alle som har vore ute og gått med bøsser, skuleelevar og andre, og takk til alle som gav. Takk også til bankane som hjalp oss med opptellinga av pengegåvene. Og så vil vi gjerne rette ei takk til Ulstein kyrkje og den ivrige kyrkjetenaren der, seier Kari Ristesund.